Personbil automat
Med automatgir kan du bruke meir merksemd på trafikken og vala du tek undervegs. Førarkortet gjeld bil med automatgir.
Din veg. Din fridom.
Roset Trafikkskule satsar i Sogndal. Me planlegg personleg, trygg og moderne køyreopplæring. Meld interessa di, så tek me kontakt når det nærmar seg oppstart.
Planlagt tilbod
Prislista gjeld Årdal. Me avklarer prisar og pakkar for Sogndal.
Sjå Årdal-kursa i TABS og sjekk oppmøtestaden for kvart kurs. Kurs i Sogndal kjem her når tid og stad er stadfesta.
Trafikklæraren din
Eg er utdanna trafikklærar frå Nord universitet og driv Roset Trafikkskule i Årdal. Eg gler meg til å bli kjend med nye elevar i Sogndal.
Bli kjend med Roset i TABSMe tek utgangspunkt i det du kan frå før. Du får prøve sjølv, snakke om vala du tek og øve på det du treng for å bli trygg og sjølvstendig i trafikken.
Meld interesse i TABSFøresette er viktige i opplæringa. Gjennom mykje og variert øvingskøyring får eleven opplevingar og erfaringar som gjer det lettare å ta trygge, sjølvstendige val. Samarbeid med trafikklæraren om kva de kan øve på vidare.
Råd til føresette og følgjepersonarMe førebur oppstart i Sogndal. Meld interessa di, så tek me kontakt når me veit meir om tidspunkt og oppmøte.
Ja. Me kan hjelpe deg å velje når me tek kontakt.
Me tek kontakt med dei som har meldt seg på ventelista. De avtalar ein eventuell oppstart når tilbodet er klart.
Me legg ut kurs her når tid og oppmøtestad i Sogndal er stadfesta.
Oppstart i Sogndal
Meld deg på den uforpliktande ventelista for Sogndal i TABS. Me tek kontakt når me veit meir om tilbodet.
Roset Trafikkskule AS (org.nr. 929 722 868) er behandlingsansvarleg for opplysningane me samlar inn. Du finn oss i Storevegen 15, 6884 Øvre Årdal. Postadressa er Prestteigvegen 6, 6884 Øvre Årdal. Du kan skrive til roset.trafikkskule@icloud.com eller ringje 45 65 23 43.
Når du ringjer eller sender e-post, brukar me kontaktopplysningane dine og det du fortel oss til å svare og følgje opp. E-post til skulen blir motteken i iCloud.
Ved spørsmål om opplæring før ei eventuell avtale brukar me opplysningane som er nødvendige for å svare på det du ber om (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b). Ved andre førespurnader er grunnlaget den rettkomne interessa vår i å svare og følgje opp (bokstav f). Me oppbevarer opplysningane så lenge dei trengst for oppfølginga eller for ei eventuell elevavtale.
Når du melder interesse i TABS, brukar Roset opplysningane du gir til å følgje opp interessa di for opplæring i Sogndal. TABS er databehandlar for Roset. Les personvern for Roset sine TABS-tenester.
Nettverten Cloudflare kan handsame IP-adressa di og tekniske loggar for å levere og sikre nettsida.
Roset brukar ingen eigne annonsepikslar eller analyseverktøy på denne nettsida. Font og faste bilete blir leverte saman med sida. Når du følgjer ei lenkje til mellom anna Google Maps, Instagram eller Facebook, gjeld personvernreglane til den tenesta.
Du kan be om innsyn i opplysningane me har om deg, og om retting, sletting eller avgrensing der vilkåra er oppfylte. Du kan protestere mot behandling basert på rettkomen interesse og i visse tilfelle få med deg opplysningar du har gitt oss. Ta kontakt med oss for å bruke rettane dine. Du kan òg klage til Datatilsynet.